Elska barnebokklassikar på nynorsk.
Antoine de Saint-Exuperys beromte barnebokklassikar, "Le Petit Prince", er ei av verdas mest omsette og lesne boker. Det finst i dag rundt 300 omsetjingar av boka, som skal vere seld i over 200 millionar eksemplar. Sjolv om det er ei barnebok, er ho like hogt elska av vaksne lesarar. No kjem boka endeleg på nynorsk, omsett av Jon Fosse og med originalteikningar av Antoine de Saint-Exupery.
I "Den vesle prinsen" naudlandar de Saint-Exupery med flyet sitt i Sahara, der den vesle prinsen plutseleg dukkar opp. Gjennom ein poetisk og filosofisk samtale fortel prinsen om planeten han kjem frå, og reisa på veg til jorda. På ferda har han vore innom ulike planetar, der det blant anna har budd kongar utan undersåttar, ein drankar og ein forretningsmann. Gjennom samtalen med den vesle prinsen går det opp for forfattaren kva som eigentleg er viktig her i livet.
Den nynorske omsetjinga til Jon Fosse tar utgangspunktet i originalverket.