Handbok i norron filologi har vore eit standardverk sidan den forste utgåva kom på norsk i 2004 og på tysk i 2007. Bak boka står eit knippe på ti forfattarar med fagleg tyngd på sine felt og med evne til å formidle stoffet på ein levande måte. Handboka gjev lesarane ei innforing i alle dei sentrale emna i den norrone filologien om handskrifter, om teksttolking, om runer, om språkleg utvikling og variasjon, om namn og nemne, om dikt og soger, og dessutan om den gamle gudelaera. Ved sida av å vere ein kunnskapsbank for norronfilologar er boka ei rik kjelde til norsk og islandsk kultur- og teksthistorie i vid forstand. Forfattarane gjev oss innblikk i den mangfaldige norrone litteraturen og brytinga mellom den gamle åsatrua og kristendommen. Vi får og vite kva slags skinn som er best eigna i boker, om korleis dokument vart kopierte for å forhindre forfalsking, om hemmeleg runeskrift og mykje anna. Den tilgjengelege framstillingsforma og fargeillustrasjonane gjer boka til eit lesarvennleg og fascinerande mote med den norrone kulturen. Andreutgåva av Handbok i norron filologi er gjennomgåande revidert og har tre heilt nye kapittel. Supplerande materiale og oppdateringar kan ein finne på nettstaden.